Stemma og Stilla – til Ari

- Bildet er hentet fra aribehn.com

LYRISK: Romjula og nyttårsdagene var preget av Ari Behns tragiske bortgang. Ruth Lillegraven skrev gripende minneord som berører. Billedkunstneren Unni Askeland leste diktet i minnestunden på Theatercafeen etter fredagens bisettelse. Vi lar det lysende diktet få stå uten ytterligere kommentarer. Hvil i fred, Ari.

 

Ruth Lillegraven:

STEMMA OG STILLA

små dunk
mot bakken
eit lite vrinsk

men mest deg

stemma di som
slarvar sjarmerer
spør

spør om sol og regn
kjærleik og arbeid

kva tenkjer me
kva trur me

kvilelaus
rastlaus
rotlaus

med
eit mossehav av tid
til alle som vil prate

livsnytar, men også
frå maleri til maleri
utstilling til utstilling

og så setningane
som lava ut av
fingrane dine

liv og latter
ståk og bråk

vegen er lystig
og vegen er vrang

danse mi vise
gråte min sang

etter kvart
gjer det så vondt

i kroppen i hovudet
i det store hjartet

så mykje mørke og
så mykje sårbarheit

og så livet sjølv

ei farleg blanding

til slutt blir det for mykje
til slutt renn elva over

no er du stille

aldri meir skal du
slarve sjarmere spørje

du skinande stjerne
you crazy diamond

no har du slokna

slik lyset i auga dine
svann og blei borte

no lyt andre bere smerta di

størst er skuggen nærast
det som var sola

me andre
små og store
øyar i havstraumen
kring deg

så mange
og likevel ikkje nok

etter timar dagar veker
vil me høyre stemma di
sjeldnare

men enno
høyrer me deg i alt

og om me
kneler og legg hovudet
mot den frosne grunnen

då høyrer me også
hovane til den kvite hesten
som treff bakken

i galopp
bortover urgamle
stepper savannar
sanddyner

den kvite hesten og du
heimover innover

til den store
stilla

 

 

-- annonse --