Samlaget aukar mest

Adm. direktør Edmund Austigard, foto: Samlaget

Cappelen Damm er framleis Noregs klart største forlag, med Gyldendal som ein like god nummer to. Men Samlaget og Panta har størst auke.

Det er oppsiktsvekkjande stabilt i forlagstoppen når 2016 skal summerast, skal vi tru Bransjestatistikken. Cappelen Damm og Gyldendal held dei to første plassane i 2016 som i 2015. Samla står dei to for over halvparten av boksalet i Noreg.

Ser vi på lista har tilsynelatande Aschehoug «tatt tilbake» tredjeplassen frå Vigmostad & Bjørke – men den har konsernet Aschehoug i realiteten hatt heile tida, og har den framleis med god margin. Summen av dei to juridiske Vigmostad & Bjørke-einingane kjem rett nok opp i ein marknadsandel på 12,3 prosent. Men inkluderer vi Aschehougs eigarskap i Oktober, Spektrum, Kunnskapsforlaget, Universitetsforlaget, Lydbokforlaget og Bestselgerforlaget, er det eit godt stykke opp til Mads Nygaard sitt rike.

Lista omfattar medlemsforlag i Forleggerforeningen. Det betyr at det finns forlag utanfor foreininga – som Bastion og Juritzen – som ville blanda seg inn i Topp 20-samanheng. Men Topp 7 ville dei uansett ikkje true.

 

Opp på Ferrante-feber

Samlaget er igjen inne blant Noregs ti største forlag. Forlaget er og (i og med at dei to Vigmostad & Bjørke-einingane trekk i kvar si retning) det av dei ti største forlaga som aukar mest. I løpet av to år har Samlaget auka sin nettoomsetning med over 58 prosent – og marknadsandelen frå 1,1 til 1,6 prosent. Ei av årsakene aner nok dei fleste:

– I all hovudsak skuldast omsetningsauka Ferrante, men vi har jobba godt med bøkene og forfattarane våre i mange gode år no. Vi har seld over 300 000 Ferrante-bøker i Noreg, seier Edmund Austigard (hovudbilete), adm. dir. i Samlaget. – Også Jon Fosses Trilogien og Agnes Ravatns Fugletribunalet har stått for godt sal desse åra. Vi har fleire bestseljande strikkebøker på forlaget som har seld godt over mange år og vi har også generelt god fart på alle bøkene for barn og unge.

 

Å våge å gjere val

– Har de gjort nokre grunnleggande nye vegval?

– Nye vegval er vel nettopp å våge å gjere val. Å våge å investere i redaksjonelt og språkleg arbeid er eit bevisst val. Å våge å stå på ei kvalitetslinje er eit bevisst val. Ferrante-suksessen er eit resultat av mange bevisste val. Skulle vi få til Ferrante på nynorsk,  måtte vi (over)prestere. Omsetjar Sørsdal har gjort ein strålande jobb, redaktør og språkvaskar har jobba svært godt, marknad og bokhandelen har levert på sitt aller beste. Og då viser det seg at nynorsk ikkje er noko anna enn norsk. Resten? Igjen, å stå på kvalitetslinja i det redaksjonelle arbeidet, meiner eg er viktig. Det har blitt jobba systematisk og ikkje minst målretta over fleire år på marknadssida, det begynner nok å gi resultat, fastslår  Austigard.

– 2017 så langt?

– Som planlagt. Så er det sjølvsagt illusorisk å tru at vi er i eit stabilt høgare salssjikt etter to år med samanhengande Ferrante-feber. Vi er særs godt nøgde med at Ferrante-suksessen har gitt oss rom til å ta nokre skikkeleg tunge litterære løft. Kunsten er nå å bruke energien denne framgangen gir inn i nye prosjekt, og samtidig passe på at landinga blir mjukast mogeleg, seier Edmund Austigard.

Vidare på lista er det Panta Forlag (Pantagruel) som utmerkar seg. Ved å meir enn doble omsetninga frå 2015 til 2016, gjer Panta eit formidabelt hopp frå 25. til 15. plass.

 

Noregs 20 største forlag 2016 – marknadsandeler i prosent

(2015-plassering i parentes)

  1. (1) Cappelen Damm 29,0
  2. (2) Gyldendal Norsk Forlag 22,5
  3. (4) Aschehoug & Co 10,4
  4. (3) Vigmostad & Bjørke 9,7
  5. (5) Universitetsforlaget 3,1
  6. (10) Forlaget Vigmostad & Bjørke 2,6
  7. (6) Kagge Forlag 2,6
  8. (8) Forlaget Oktober 1,8
  9. (11) Det Norske Samlaget 1,6
  10. (7) Bestselgerforlaget 1,4
  11. (9) Lydbokforlaget 1,4
  12. (12) Kunnskapsforlaget 1,3
  13. (13) Spektrum Forlag 1,1
  14. (15) Forlaget Press 1,0
  15. (25) Pantagruel Forlag 0,9
  16. (17) J. M. Stenersens Forlag 0,8
  17. (14) Pax 0,8
  18. (16) Bibelselskapet 0,7
  19. (20) Fontini 0,6
  20. (18) Hermon 0,6
  21. (19) Spartacus 0,6

 

 

(Foto: Samlaget)