– Så mye utendørsaktivitet som mogleg

DAGENS SOMMERGJEST: Samlagets Kristin Tinmannsvik Bøgseth trenger så mye uteaktivitet som mulig i sommerferien.

Kristin Tinmannsvik Bøgseth begynte tidligere dette året som markedskoordinator i Samlaget. Hun kom fra Solum Bokvennen – og har i tillegg erfaring fra bokhandel og Tidsskriftet Beijing Trondheim. I sommer skal hun blant annet tilbake til nettopp trønderbyen – som også er hennes hjemstad.

– Hvor tilbringer du ferien?

– I sommar skal eg ha min aller første trevekersferie, og det skal utnyttast til det fullaste! Eg skal ein tur til vakraste Irland for å sjå storslagen natur og besøke deilege, brune pubar. Eg skal også i eit sommarbryllaup i Ålesund, vere heime i Oslo, og sjølvsagt ein tur til fødebyen Trondheim.

– Hva må en god sommerferie inneholde?

– Så mykje utandørsaktivitet som mogleg. Lange dagar ved eit eller anna vatn, seine kveldar med kvitvin og venner på balkongen, mykje lesing og trening. Fotballspeling!

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Paradais av Fernanda Melchor. Så stramt, presist og rått! Melchor er berre knallgod. Øvst i bunken ligg Kasse 19 av Claire-Louise Bennet, som eg har gledd meg til lenge. Eg skal òg endeleg få lese ferdig Glass, ironi og Gud av Anne Carson (gjendikta av Tone Hødnebø). Boka har lege på nattbordet mitt i ei æve.

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

– Begge delar.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

– Mmmm, vanskeleg. Ein frisk salat med søte, grilla nektarinar, blodraude tomatar og halloumi, kanskje? Og cremant!

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

– Taylor Swift.

– Ditt beste ferieminne?

– Eg hadde nokre skikkeleg deilege dagar på den toskanske landsbygda utanfor Firenze i fjor. Sambuaren min og eg var hja ein italiensk familie som budde på den mest idylliske garden. Vi plukka artisjokkar og tomatar i hagen, medan familiens katt smaug rundt oss. Etterpå laga vi middag saman med grønsakane vi hadde hausta. Heilt klårt eit kjerneminne.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

– Min kollega i Samlaget, Line Omland Eilevstjønn. Ho gjer kvar arbeidsdag til ein fest!

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

– Då ville eg tatt grep for å utjamne dei enorme forskjellane i barns tilgang til litteratur. Meir pengar til skulebiblioteka! Alle skal få moglegheit til å oppdage den rikdommen som ligg i det å lese, uavhengig av familiebakgrunn og kor du bur.

– Hvis du kunne satt én bok på pensum i norske skoler; Hvilken og hvorfor?

– Ei bok, det blir for vanskeleg – kan eg seie eitt namn? Ocean Vuong. Vuong tematiserer krig og opphav, familierelasjonar og traume, legning og kjærleik. Han skriv vart, varmt og klårt. Eg trur det vil vere ein god måte å rekruttera unge lesarar på.

– Hvilken overskrift håper du å se på Bok365 til høsten?

– «No er køane inn til bokhandlarar og bibliotek større enn strøymetala til HBO, Netflix, NRK, TV 2 Play, Prime Video og Disney + til saman»

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg? (Og hva ville du ha svart?

– Kva bok bør ein gle seg til å lesa i haust? Jo, ein bør gle seg til Fjomp av Mary Ruefle, gjendikta til norsk av Martin Ingebrigtsen.

 

Se tidligere sommergjester her!