Poesitidsskriftet Krabben ett år

Sindre Ekrheim (foto: Tove K. Breistein)

LYRISK: «Krabben - tidsskrift for poesikritikk» feirer i disse dager ett år.

Poesien er dessverre blitt tilsidesatt i de tradisjonelle mediene. Poesitidsskriftet Krabben, med tilhold i Bergen, har med dette vist seg være en vital nykommer til den dessverre haltende norske litteraturkritikken. Hele førti grundige omtaler og anmeldelser har tidsskriftet brakt til torgs i løpet av første driftsår. Disse ført i pennen av et helt blomsterknippe av ulike anmeldere. Alle anmeldelsene kan du dertil lytte til på podkast.

En gang i uka sender Krabben ut et nyhetsbrev. Dette kan du kostnadsfritt abonnere på. Nyhetsbrevet melder du deg på helt nederst her.

Redaksjonsrådet består av Katrine Heiberg, Stein Arnold Hevrøy og Hildegunn Dale. Redaktør er Sindre Ekrheim.

Krabben har i sitt første driftsår mottatt støtte fra Bergesenstiftelsen, Fritt Ord og Bergen Kommune.

Vi gratulerer Krabben på ett årsdagen og håper på en hel rekke av ytterligere feiringer. I anledning dagen har vi gleden av å publisere redaktør Ekrheims nyskrevne essay om selve poesiproblemet.

Bare å nyte.

Poesiproblemet

AV SINDRE EKRHEIM

I desse dagar fyller poesitidsskriftet Krabben eitt år. Krabben feirar ved å gjere seg sjølv og det tidsskriftet held på med til noko som ikkje har ei enkel løysing.

Om diktet overlever, så overlever poesikritikken. Poesikritikken er avhengig av sitt objekt, av diktet. Diktet og poesikritikken er skuggar av kvarandre, gjensidige, avhengige storleikar. Det paradokset kjem ein ikkje unna.

Blir kritikarens suverenitetskjensle støytt grunna denne avhengigheita, kan kritikaren frigjere seg, heve seg over verket, bli autonom. I motsett fall kan kritikaren forstå oppgåva si slik at ho må freiste bringe diktet i kontakt med samfunnet diktet spring ut or, for å få diktet til å klinge.

Poesikritikken er usjølvstendig på mange vis: Han er avhengig av lesarar, oppdragsgjevarar, finansieringskjelder, diktskrivarar. Dei mangfaldige tilhøva av usjølvstendigheit og avhengigheit, gjer også at poesikritikken har eit utal utviklingsmoglegheiter – gitt at diktet ikkje døyr undervegs då.

Ryktet om diktets død er sterkt overdrive. Dikt lever, muterer i myriadar av former og variantar. Diktet er både verdsvand, folkeleg, pratande, munnleg, prosaisk, enkelt, avansert, lågt, høgt, biletrikt, biletfattig, forteljande, langt, kort, høgtravande, skriftbasert, språkmaterielt, eksperimenterande, verdsfjernt. At ein med jamne mellomrom må dementere diktets død fortel at diktet lever eit nokså løynd liv. Diktet er anonymt ekstravagant.

Ein kan ikkje underslå at poesiproblemet eksisterer: Dikt blir gjerne oppfatta som vanskelege. Dikt blir ikkje meld nok i dagspressa. Me har høyrt det før, og alt dette er nok sant. Og det er grunn til å ta dette poesiproblemet på alvor. Til dømes ved å finne nye måtar å nærme seg poesien på når ein skriv kritisk om han. Eller vere på fleire flater med kritikken.

Poesiproblemet er enda større: Diktet er problemet. Poesiproblemet er ibuande i poesien. Poesiens særlege måte å finnast på skapar problem. Når problemet ikkje kan rådast bot på og løysast, er det absurd å ta det på alvor. Men det må ein ta på alvor.

Eitt år

Poesitidsskriftet Krabben har jubileum i desse dagar. Tidsskriftet fyller eitt år. Krabben blei lansert som eit forsøk på å betre utvekslinga mellom poesien, kritikken, lesarane og samfunnet. Krabben ønskte å gjere merksam på poesien gjennom ei fagleg og kritisk handsaming av han. Viktige prinsipp for Krabben er at kritikkane er gratis tilgjengeleg for publikum og at dei som skriv kritikken skal honorerast etter gjeldande normalsatsar.

Gjennom å dyrke fram nye kritikkformer og kritikkuttrykk vil Krabben nå den gode lesaren. I ei verd der merksemda er den gyldige kapitalen, tenkjer Krabben at kritikken må finnast på fleire flater: digitalt på skjerm, som straumbar lyd, som fysiske arrangement og på papir (Årskalender for lyrikk). Slik finn kritikken også nye lesarar og bruksmåtar. Slik oppstår synergiar: Den munnlege høgtlesinga av kritikken gjer den skriftlege kritikken betre. Kva med å lytte til kritikken på bussen på veg til jobb i staden for å lese han?

Krabben har gode støttespelarar. Somme av dei har gitt Krabben moglegheiter til å betale gangs honorar for meldingane som har blitt publiserte kvar veke til eit fast tidspunkt. Det er me svært takksame for. Det forhindrar ikkje at det dagleg er ein kritisk kamp for å halde Krabben gåande. Redaktørarbeidet blir førebels gjort gratis, utan vederlag. Og me veit enno ikkje om Krabben maktar å kome seg gjennom hausten 2022 økonomisk. Horisonten er ikkje så lys.

Diktorganismen

Dikt dekker ikkje eit kjent menneskeleg primærbehov. Me treng ikkje dikt. Dikt er luksus. Idet bruer fell ned, og ras, flaum, klimakrise, krig herjar og matvare- og straumprisane fyk i vêret, er diktet det siste me treng. Eller kanskje nett det me treng for at me skal sjå klårare kva som skjer. Ser me Mariupol i ruinar, eller Mariupol under oppbygging, ser me fienden eller vondskapen eller oss sjølve. Kva me ser, når me ser, om me ser.

På ein måte er eg nesten glad for at poesien slit med låge sals- og lesartal og har eit mindre, engasjert publikum. At poesien ikkje sel eller stel framsidene i aviser og på nettet treng ein vel heller ikkje bekymre seg over. Er det nokon vits å setje dagsordenen når det er nok at dagen finst? Viss stoda er elendig – noko ho i sanning ikkje er – aukar berre diktets og kritikkens moglegheiter. Poesioffentlegheita er større og fungerer på andre måtar enn ein trur.

Kan diktet vere lik ei organisme som kan fødast, leve og døy? Ingen påstår bokstavleg at ein tekst lever, at det finst organ, blodomlaup, hjerneaktivitet, nervar og slik inni diktet. Nei, dette er biletleg tale. Teksten blir likevel sagt å leve når den møter lesaren og blir lesen. Og diktet blir til ein truga storleik nett gjennom dette bilete. Og kanskje er det likevel litt meir enn berre eit bilete: Dikt lever jo berre viss menneska lever. Og menneska lever berre viss det diktar (lyg). Grunnlaget for litteraturen og for diktet er at språket kan tale om det som ikkje finst. Der ligg moglegheitene for å skape framtid, politikk, verd og omverd.

Diktet og diktkritikken kan også tangere liva våre. Og dikt kan gjere oss meir eller mindre levande gjennom å minne oss på at me finst i ei verd. Av og til er det fruktbart å tenkje diktet som ei organisme, altså som eit levande vesen, ikkje som eit menneske, nei, som noko umenneskeleg og menneskeleg på same tid. Tenkjer eg diktet som organisme, så kan jo diktet fint både leve og døy. Av ordet «levande» følgjer likevel så mange assosiasjonar at eg av til føretrekkjer å bruke finst.

Å ikkje finnast er ikkje heilt det same som å døy. Å førestelle seg diktets ikkje-eksistens er veldig vanskeleg. Å finnast og ikkje finnast er gjensidige, avhengige storleikar. Det som finst er alltid truga av ikkje å finnast. Og det som ikkje finst ber med seg eit bilete (ein negativ) av det som fanst eller kunne ha funnest, slik at medvitet – eit bilete – av det likevel kan seiast å finnast.

Au

Dikt står oss nær. Me er knytt til diktet fordi det er av språk, har meining og tyding – som me rett nok oftast ikkje skjønar fullt ut, og heller ikkje nødvendigvis treng skjøne, fullt ut. I diktet kjem me til sansane våre, til sans, men kanskje ikkje heilt til samling, for ofte blir lesaren forvirra. Dikt er så nært: Dikt brukar det same språket som me handlar mjølk med i butikken. Slik sett er diktet, også skjønnlitteraturen, enkel, iallfall om ein ser diktet i forhold til andre kunstartar: Det treng få reiskapar, instrument og tekniske utøvarferdigheiter for å realiserast, utover erfaringa og evna til å lese, kjenne, høyre språk. Dikt spring fram or kvardagen, frå arbeidet, frå kroppane våre, frå alle menneskelege og umenneskelege forhold og situasjonar. Me har diktet og språket i oss, og utanfor oss, i munnen og på papiret (eller skjermen). Dikt verkar alltid å vere på sprang, inn i og ut av noko, innanfor og utanfor på same tid. Det både finst og finst ikkje. Det står i ein spagat, er i ein dialektikk. Diktet er i grenseområda.

Ein hund får menneskelege trekk. Det er ein måte å forstå hunden på. Men hunden er ikkje og blir ikkje eit menneske. Diktet er heller ikkje fullt ut menneskeleg. Diktet er også noko fjernt frå menneska.

Når hundeigaren ikkje skjønar kvifor hunden står og remjar på gardsplassen, kan eigaren bli frå seg. Han eller ho veit ikkje kva dei skal gjere med hunden. Ingenting verkar å hjelpe. Og det er jævleg å høyre på. Det er slitsamt ikkje forstå noko, særleg når noko liksom gjer krav på å bli forstått og ein gjerne vil forstå det.

Kor kjem remjinga frå og kven vender remjinga seg til? Det er ikkje lett å svare på. Det er heller ikkje så lett å seie kva AU eller Åh tydar. Eller kven og kva AU eller Åh er retta mot. Me forstår kanskje noko av AU eller av Åh, men ikkje på det viset me forstår ordet «stol». For med ordet «stol» kan me lire av oss ei leksikalsk tyding som stoggar ordet frå å plage oss, slik legg med det i ro. Det kan me ikkje nødvendigvis med AU eller Åh. Diktet krev ikkje å bli forstått slik som me forstår «stol». Diktet held fram etter at me har uttømt alle orda i det leksikalsk og presentert moglege lesingar av det. Diktet fører oss ofte til grenseområda for forståinga.

Eit ord som «stol» består av ein sekvens av lydar, til dømes av lydane «st» og «ol». Me veit kva stol er, men det er ikkje like lett å seie kva «st» og «ol» tydar, anna enn at det er lydar, har auditive kvalitetar, kan sansast og finst. Isolert er «st» og «ol» meiningslause lydar, iallfall om ein samanliknar med den klåre ordmeininga til «stol». Slik finst ikkje-meininga, det framande, det uforståelege, det umenneskelege rett under overflata til den enklaste, mest fortrulege og lettast forståelege ordmeininga.

Det er mykje som ikkje kan forståast i ordet stol. Ein avgrunn av u- og ikkje-meining opnar seg i ordet stol. Men me forstår likevel ordet stol. Ikkje-meining er kan hende provoserande. Ikkje-meininga er altså ein sannsynleg del av poesiproblemet. Men poesiproblemet er også produktivt for poesien, lesaren og kritikken.

Rebus

Ein klarer ikkje å forstå diktet og ein kjenner seg utilstrekkeleg. Somme blir sinte. At ein freistar å forstå diktet og ikkje forstår diktet, er eit poesiproblem. Men diktet er ikkje noko å forstå. Ein kan ikkje forstå diktet som ein rebus der alt går opp. Hadde diktet vore ein rebus, då ville lesaren ha blitt forvandla til ein dumming viss han ikkje forstod diktet. Om diktet er ein rebus, kan ein jo berre skifte ut alle bileta med andre ord. Om ein kunne omsetje diktet til normalspråk, ville diktet vore overflødig. Men diktet kan ikkje vere ein rebus, for viss diktet er ein rebus, er det eit dårleg dikt. Det er ikkje dikt. Eit slikt avkodingsideal ville fått poesien til å forsvinne.

Dikt er noko som ikkje kan seiast på ein annan måte enn det er sagt på. Det finst ein grunn til at diktet er slik diktet er.

Kan hende strevar diktet sjølv med å forstå. Samstundes uttrykkjer diktet tvil, usikkerheit, fleirtydigheit, undring og spørjing – kanskje til og med glede eller sorg over ikkje å forstå noko, fullt ut.

Dette med ikkje-meininga og dette med at diktet fører lesaren mot forståingas grenser, er nokre ibuande trekk i og ved poesien. I den grad ein oppfattar det som problem, er det problem. Viss ein gjer seg fortruleg med ikkje-meininga, i den grad ein kan snakke om fortrulegheit her, samt andre trekk som kan gjelde poesien, forsvinn dei ikkje, men antek ein annan karakter, får ei anna tyding. Her har poesikritikken ei oppgåve.

Løysinga på poesiproblemet er å anerkjenne at poesiproblemet vil finnast, at det ikkje vil bli løyst fordi det høyrer til oss som menneske. Og problemet er større enn poesien og kritikken av han: Det gjeld språket. Språket eig ei indre tilbøyelegheit til å vere diktarisk og poetisk: Språket kjem til å vere ei blanding av sanning og usanning, meining og ikkje-meining, det vil vikle seg inn og ut or røynda. Finnast og ikkje finnast.

Verdsfjernt

Det verkar som eg gjer diktet ahistorisk, til ein eksistensiell dimensjon, og røvar diktet for kjensla av spesifikk tid, stad, samfunn og omverd. Slik er det ikkje. Diktet utviklar seg heile tida. Samtidspoesien anno 2022 liknar, seier nokon, meir og meir på prosaen, ja, at poesien nesten er blitt roman, at diktet berre fortel. Somme meiner det trugar poesiens eksistens som sjanger. Det trur ikkje eg. For poesien vil det også alltid handle om, samstundes, å gjere merksam på språket, ja, på anna vis enn det romanen gjer. Forteljing i poesien er forresten ikkje noko nytt. Strategiar og stoff frå fablar, forteljingar, eventyr har poesien alltid nytta. Kor nytt det prosaiske er i poesien, kan diskuterast. Uansett gjeld det berre for ein del av samtidspoesien. Mange av dikta til Brecht har ein prosaisk diksjon. Brecht er stadig aktuell, men han er kan hende ikkje ein samtidspoet. Det nye med prosaen i poesien handlar om noko anna, om at talen, det munnlege språket (t.d. dialekt) og det talte språkets orden, logikkar og måte å føre seg på, har fått auka innpass i poesien. Munnleg tale høyrer til det låge språket. Og dette var (og er) det uhøyrde i samtidspoesien, det nye ved prosainnslaget. Og det trugar ingen, aller minst poesien, tvert om, det gjer poesien rikare. For prosainnslaget – det munnlege, snakka språket – rykkar poesien nærare og inn i omverda, men sidan poesien er merksam på språket, held den også verda på lang avstand og let ikkje-meininga tyte fram. Diktet er også verdsfjernt.

Diktet er urgamalt og nytt, i og ute av tida. Diktet har å svare for seg. Diktet må svare for og bere mykje. Men diktet spør seg. Diktet seier oss ingenting. Og treng ein spenne forventingane så veldig høgt, alltid. Ein treng jo ikkje gå på akkord med kvalitetskravet om ein slakkar av litt. Av og til uttrykkjer jo diktet kanskje berre noko basalt og enkelt, at det er fint at den og den tingen finst. At det er utruleg at det er mogleg at noko i det heile tatt kan finnast. Ting og menneske, plantar og dyr. At eg kan namngi skoesker, oretre, stein, nyslått gras, sand.

Eg kan ta på sand, gå på sand, sand renn gjennom fingrane mine. Og eg kjenner eitt sandkorn under augeloket. Sånn forstår eg sand.

Er det nokon vits å setje dagsordenen når det er nok at dagen finst?

SINDRE EKRHEIM

Artikkelen er tidligere publisert og finner du selvsagt også tilgjengelig på Krabbens hjemmeside, her også med lydspor.