Penn og mann til lite besøkt land

GUTT PÅ TUR: Gunnar Garfors har reist der vi trueleg ikkje har reist og no er boka ute. Her er han i Jemen. Foto: Lexie Alford

Gunnar Garfors har besøkt dei landa du ikkje har besøkt og no er boka ute. Er det rart han er inspirert av Jules Verne?

Forfattar: Gunnar Garfors

Aktuell med: Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land (Skald)

 

Kvifor skreiv du akkurat denne boka?

Eg ville formidle spennande historier frå eineståande og kreative menneske i land vi sjeldan eller aldri høyrer noko om, med mindre det handlar om krig, svolt og anna elende i eit altfor ofte deprimerande nyheitsbilete. Å reise utanfor den vestlege verda opnar auge, etablerer venskap og fører til auka forståing for andre menneske, kulturar, livssyn og verdsopfatningar. Det har ein kjempeverdi på veldig mange nivå og bidrar til konfliktreduksjon. Sjølv meiner eg at fred og stabilitet er altfor viktige tema til at vi kan overlate dei til politikarar og forretningsfolk åleine. Forhåpentlegvis kan boka inspirere fleire «vanlege» folk til å reise til uvanlege destinasjonar, om enn ikkje akkurat dei eg skriv om. For truleg vil dei fleste meine at verdas 20 minst besøkte landa er litt for uvanlege.

Gjennom Ingenstad reiser eg sikkert på vegne av over 99 prosent av lesarane, og kanskje bidrar eg til ei litt anna oppfatning av verda. Det kan sjå ut som eg har lukkast. Lesarar fortel i alle fall om ei lett, men ikke lettvint bok som har teke dei med på ei ujålete og ofte lattervekkande reise. Skjønt enkelte har visst måtte henta fram lommetørkleet. Så har då reisa ikkje berre gått til paradisøyer, men også til krigsherja land. Å finne fram til kva land eg skulle skrive om var forresten langt frå enkelt. Det eksisterte ingen fullstendig statistikk over kor mange turistar som besøkjer kvart land. FN har rett nok ein oversikt, men manglar tal for mange av dei minst besøkte landa. Bakarst i boka har eg laga historias første komplette liste over kor mange turistar som besøkjer kvart av verdas 198 land. Noreg er til dømes det 152. minst besøkte landet i verda, og det 47. mest besøkte.

Tre favorittar:

Det er det nesten umogeleg å gje noko fullgodt svar på, men enkelt er som kjent keisamt. Jorda rundt på 80 dagar av Jules Verne inspirerte meg enormt mykje på fleire plan då eg var liten, og eg las deretter alt av Verne. Ein kreativ kar.

Av litt nyare dato må eg trekkje fram Dead Aid: Why Aid Is Not Working and How There Is a Better Way for Africa av Dambisa Moyo. Ho peikar på ei viktig problemstilling som få ønskjer å diskutere. Det at uhjelp ofte verkar dårleg, ikkje i det heile eller til og med mot formålet er ikkje eit narrativ hjelpeorganisasjonar eller styresmakter ønskjer skal kome ut. For det får oss om ikkje anna til å føle oss litt betre.

Nummer tre er for dei som likar å lese langt, veldig langt. Shantaram av Gregory David Roberts gjev oss eit ganske annleis bilete av India, eit eksepsjonelt fasinerande land.

Uslipt diamant:

Med hjartet i fatle av Magne Velle inneheld tankevekkande og underfundige korte tekstar. Dei liknar litt på ordtak, men mange av dei inneheld stor humor. Ei undervurdert lita bok. Eg ventar i spenning på den neste utgjevinga hans.

Sist leste bok:

The Subtle Art of Not Giving a F*ck av Mark Manson. Artig tone om eit viktig tema midt i krenkjehøgtida.

Korleis jobbar du?

Eg reiser mykje, ofte impulsivt og oppsøkjer folk. Dei kan vere tilfeldig utvalde på gata eller eit resultat av planlegging og lang og tett kontakt på førehand. Det er dei gode historiene eg er på utkikk etter, og folk som skil seg ut på eit eller anna vis har ofte fantastiske, ville eller hysteriske forteljingar på lager. Og så har eg alltid ei notisblokk og eit par pennar i lomma. Å skrive ned stikkord og detaljar er essensielt for at eg skal kunne hugse og sidan skildre det som skjer så presist som mogeleg. Sjølve skrivinga skjer både på tur og heime. Eg likar å ha ein nærleik til det eg skriv om, for deretter å kome attende til innhaldet veker eller månadar seinare. I mellomtida spelar eg ball med ulike vinklingar og tilnærmingar oppe i hovudet.

Kva for ein litterær skikkelse ville du helst hatt stemnemøte med?

Lisbeth Salander kunne eg heilt sikkert hatt mange interessante og spennande diskusjonar med. Ho kunne sikkert til og med ha vore truande til å bli med på tur til Afghanistan, Somalia, Tuvalu og fleire andre av verdas minst besøkte land.

Kven blir neste norske nobelprisvinnar i litteratur?

Erika Fatland. Skjønt kanskje riv ho med seg fredsprisen i same slengen sidan det å reise, forstå og bli kjend med andre kulturar er verdas mest fredsbevarande tiltak. Fatland inspirerer mange til å gjere det.

Facebook og sosiale medium – fest eller kolera?

Festar flest endar med fyllesjuke, eller i facebooktilfellet med kolera. Sosiale medium er bra til veldig mykje, men vi er ofte ekstremt ukritiske når det gjeld bruken av dei og gjev frå oss store verdiar i form av personleg informasjon. Nokre få aktørar har fått enormt stor makt, utan at det ser ut til å skremme veldig maneg av oss. Det er urovekkande.

Ein jordbærstad utenom det vanlege på nettet:

Guidebøker nyttar eg aldri på reise, men det er likevel eit unntak. Guidane på inyourpocket.com er skrive av folk som bur i dei ulike landa, og som då faktisk veit kva dei skriv om. Det gjer sjeldan dei som reiste innom ein by eller eit land i nokre dagar for tre eller fem år sidan.

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Det kjem litt an på kva for eit fjell som skal klatrast. Og om vi snakkar om Central Park i Gurugram, Johannesburg, Sydney eller i New York. Landet den sistnemnde ligg i har eg eit veldig ambivalent forhold til. Eg har budd der to gonger og har mange gode og oppegåande vener derifrå, men at over 40 prosent av innbyggjarane i USA framleis klarar å påstå at noverande president gjer ein god jobb er både trist og skremmande. Gitt at vi kan ete lunsj i India, Sør-Afrika eller Australia går eg for Linn Ullmann. Eg vonar at ho likar østers.