Oppskrifta på leselyst

Elen Betanzo skuler opp mot ein av fjelltoppane på helgelandsfjella De syv søstre.

DAGENS SOMMARGJEST: Elen Betanzo er forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget.

Elen Fossheim Betanzo (fødd 1984) kommer fra Gausel i Stavanger. Ho har skrive ei rekkje bøker for barn og unge. Betanzo er utdanna journalist og nordist.

– Kvar held du til i ferien, Elen?

Eg har allereie hatt ti dagar ferie på Tenerife. Det var veldig lurt, for då eg kom tilbake frå ferie, var det nesten ferie igjen med ein gong. – Spesielt interesserte kan jo lese romanen «Vulkanø» av Daniel Dalgaard for meir utfyllande detaljar kring livet som småbarnsfamilie på all inclusive-hotell på Tenerife. No tar eg med meg familien min til Helgelandskysten, der finst det ei familiehytte. Vi skal gå på fjella og i fjøset og i fjæra. – I fjor klarte vi to toppar, i år er planen å ta tre nye.

– Kva må ein god sommarferie innehalda?

Bøker. Tid. Stillheit. Kaffi. Brød og smør. Helst også eit eller anna vakkert landskap.

– Kva bok er den beste du har lese så langt i år? Og kva ligg øvst i bokbunken i ferien?

Det er dødt løp mellom to danskar: Glenn Bech med diktsamlinga Jeg anerkender ikkje længere jeres autoritet og Niels Frank med forteljinga Faen ta deg. Begge desse verka er rystande på kvar sitt vis, og forfattarane skriv om verkelegheita på ein så intens og nærværande måte at eg framleis tenker på og refererer til dei ofte.

På ferie tar eg med meg første bok i Deborah Levys memoartrilogi «Things I don´t want to know», pluss Ønsk meg heller god tur – samtaler med Ingvar Ambjørnsen. Har også høyrt mykje godord om Det tolvte huset av Malin C.M. Rønning, så eg slenger den også i kofferten. Tar dessutan med meg dei heilt ferske barnebøkene til Hilde Hodnefjeld Georg og kjelleren og VM i løgn av Nina Anderson Sjødal.

– Automatisk fråværsmelding eller litt e-postsjekking frå stranda?

Automatisk fraværsmelding.

– Kva står på bordet viss du får velja det perfekte sommarmåltidet ditt?

Gazpacho, øl og sørlandschips med eddiksmak.

– Kven ville du invitert til bords, viss du ikkje kunne velja familie eller kjærast?

Alle dei dyktige barne- og ungdomsbokforfattarane eg jobbar med på Samlaget, sjølvsagt!

– Det beste ferieminnet ditt?

Vi hadde ikkje eiga hytte då eg var lita, så vi pleide å leie hytte gjennom jobben til foreldra mine. Ein sommar hadde vi kome over ei sjøhytte på sørlandet ein plass. Hytta hadde til og med eigen båt, ein liten Askeladd. Første dagen drog vi ut i båten for å fiske. Eg hang over ripa og vart raskt temmeleg skrekkslagen. For eg hadde fått auge på ein svær kval som fulgte etter båten vår. Kvalen var stor, mest like stor som båten! Hjartet mitt banka som besatt, men sjølv om eg var overbevist om at kvalen skulle velte heile båten og vi alle skulle falle over bord og drukne, sa eg ingenting. Eg berre stirra sjokkert ned i djupet. Kvalen velta aldri båten vår, og det viste seg jo at det ikkje var nokon kval i det heile tatt, det var berre båtens skugge på havet. Dette var kanskje ikkje noko godt minne, eigentleg, men sterkt var det i alle fall.

– Kven i Bok-Noreg vil du helst gi ein blomsterbukett?

Foreningen Les! Den formidlingsjobben dei gjer for barne- og ungdomslitteratur er veldig viktig.

– Viss du fekk vera kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?

Gjort innkjøpsordningane for teikneserier og sakprosa automatiske. Og sørga for at absolutt alle skular i heile Norge fekk eit godt og moderne skulebibliotek med masse ny og relevant barne- og ungdomslitteratur tilgjengeleg. Og sørga for at lettlesbøker også blir ein heilt naturleg del av den automatiske innkjøpsordninga for barn og unge. Dette er oppskrifta på leselyst.

– Viss du kunne sett éi bok på pensum i norske skular; Kva og kvifor?

– Full bajas av Ingunn Thon, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen. Ei både superviktig og veldig morosam barnebok om jaget etter perfeksjon som finst i samtida vår.

– Kva overskrift håpar du å sjå på Bok365 til hausten?

Tittel: Banebrytande pilotprosjekt i norsk skule

Ingress: Frå hausten av skal kvar einaste skulestartar få si heilt eiga valfrie skjønnlitterære PAPIRBOK med ein gong dei begynner i første klasse. Boka kan dei også ta med seg heim og fritt bruke som dei vil. – Det er viktig at alle får like moglegheiter frå start av, og at ingen blir hengande etter pga. manglande ferdigheiter, seier kunnskapsministeren.