Omsetjarar frå 40 land til Noreg i mai

150 omsetjarar frå heile verda deltek på NORLAs internasjonale omsetjarkonferanse på Holmen Fjordhotell i Asker 14. – 16. mai. Aldri tidlegare har så mange omsetjarar av norsk litteratur vore samla på ein plass.

Norsk litteraturs suksess ute i verda er nært knytt til omsetjaranes viktige arbeid med å bringe bøkene frå norsk til all verdas språk. Dei inviterte omsetjarane har alle bidratt til at norsk litteratur finst på meir enn 60 språk og at meir enn 3000 utgivingar av norske forfattarar er støtta av NORLA sidan 1978.

Den internasjonale konferansen er finansiert av Utanriksdepartementet, og har som mål å stimulere til auka interesse for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet gjennom å styrke kompetanse og status til omsetjarar i alle delar av verda. NORLA ønskjer å rekruttere nye omsetjarar i ulike land og styrke det faglege nettverket for omsetjarar. Eit av temaa vil vere grunnlovsjubileet, og konferansen vil elles by på eit stort spekter av spennande programpostar som er aktuelle for omsetjarar av norsk skjønnlitteratur og sakprosa til sine respektive språk.

Det er andre gongen NORLA arrangerer ein slik stor omsetjarkonferanse saman med Utanriksdepartementet.  Slik ønskjer NORLA å vise fram omsetjarar som heilt uunnverlege kulturberarar og markere omsetjing som ein viktig profesjon.

Konferanseprogrammet blir ei storstilt mønstring av norsk litteratur i alle sjangrar og legg til rette for møte med mange framståande norske forfattarar. NORLAs mål er å skape entusiasme og auke kompetansen hos alle som deltek på konferansen i mai. NORLA ønskjer òg å auke statusen til omsetjarar i alle delar av verda, bidra til å rekruttere nye omsetjarar i ulike land og styrke det faglege nettverket for omsetjarar.

Nobelprisvinnar José Saramago skal ha sagt: «Forfattarar skriv nasjonal litteratur, men omsetjarar skriv verdslitteratur». Det har NORLA lyst til å markere gjennom eit arrangement med brei fagleg orientering og med eit rekordstort utval omsetjarar frå heile verda.

Margunn Vikingstad, med bakgrunn frå litteraturkritikk, omsetjing og informasjonsarbeid, er tilsett som prosjektleiar for konferansen.