Kvit norsk mann

Brynjulf Jung Tjønn (Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss)

LYRISK: Tidligere i dag meldte vi Lyrikklista for september. Den var toppet av Brynjulf Jung Tjønn.

Brynjulf Jung Tjønn (f.1980) fortjener all mulig spredning. Kvit, norsk mann er klokkeren – ei presis og svært viktig diktsamling du bør få med deg.

Til uka er nytt opplag på vei til bokhandel – bare å ta turen.

Hans Olav Brenner har laget en nydelig podkast til boka. Denne vil jeg sterkt anbefale og håpe at du tar deg tid til å høre: 20 minutter på en søndag.

1

eg er den brune guten som spring over brua
eg er den brune guten som spring under brua
eg er den brune guten som spring ut i elva
eg er den brune guten som seinare
blir funne i vatnet

dei ropte
drep denne negeren

men det var ikkje meg
eg er ikkje brun, eg er gul

2

eg opnar dei smale auga mine
og les om
arve beheim karlsen
han er eitt år yngre enn meg
adoptert frå india

gutane som jaga han
var like gamle som oss
drep denne negeren
ropte dei

og eg spring saman med arve beheim karlsen
eg ser på han og han ser på meg
vi snur oss og ser dei kome etter
drep denne negeren
ropar dei
og vi spring over brua
og halvvegs så stansar arve opp
han vurderer
fram og tilbake
så skjønar eg at han vil
springe under brua
og eg følgjer etter
ned til elva
som er sterk og djup
steinane er glatte og harde
og arve og eg går ut i vatnet
det kalde, mørke vatnet
som renn ut i sognefjorden
verdas djupaste og lengste fjord
tenk at vi skulle hamne her
drep denne negeren
ropar dei
og vi ser på kvarandre
den eine brun
den andre gul
tenk at vi skulle hamne her
i denne djupe, lange fjorden
der det veks epler og bringebær på rekke og rad
langs fjordskråningane
der fjell etter fjell strekkjer seg oppover
mot snøtoppane
der ferjer sklir som kvite kvalar
mellom små bygder
no høyrer vi steg på brua
drep denne negeren
ropar dei
og vi ser på kvarandre
vi held kvarandre i hendene
vi dukkar under
i vatnet er vi brør
to adoptivbarn held pusten

eg er den einaste som reiser meg