Samlaget og Fabel jakter på nye forteljarstemmer til ny lydsatsing.
Vil du skrive Noregs neste store lydserie? Samlaget og lydboktenesta Fabel inviterer både etablerte og nye stemmer til å sende inn manus til ein heilt ny lydsatsing.
– Er du forfattar, manusforfattar – eller har du rett og slett eit godt språkøyre og ein god penn? Då vil vi gjerne høyre frå deg!, heiter det i utlysinga.
Samlaget og Fabel ser etter forteljingar innan krim, dokumentar, skjønnlitteratur eller barnelitteratur. Serien skal skrivast direkte for lyd, med profesjonelle innlesarar og lydproduksjon, og publiserast episodisk. Det kan vere ein frittståande serie eller opne for fleire sesongar.
For å delta må ein sende inn ein kort synopsis, ei skildring av karakterane, eit manus på minimum 15 sider og eit følgjebrev. Serien skal vere retta mot vaksne eller barn i aldersgruppa 6–9 eller 9–12 år.
Fristen for innsending er 15. september 2025.
Førstepremien er eit arbeidsstipend på 100 000 kroner og ein utviklingsavtale med Samlaget. Serien vil bli publisert i Fabel. Andre- og tredjepremien er på høvesvis 50 000 og 30 000 kroner, og vinnarane blir ein del av Samlagets nye lydsatsing.