Juleroser og Bugge Wesseltoft

Brit Bildøen (foto: Trygve Aas Olsen)

LUKE 11: Årets vinner av Amalie Skram-prisen, Brit Bildøen skrev særoppgave om dikteren allerede på gymnaset.

Brit Bildøen liker å variere. Hun arbeider som forfatter, gjendikter, oversetter, forlagskonsulent og litteraturkritiker. I år har hun fått ros for oversettelsen av Patti Smiths selvbiografiske Apens år. I høst har hun overrasket med sakprosa. Over land og hav – eit år med trekkfuglar har fått meget god mottagelse.

– Hvor tilbringer du jula i år, Brit?

Fortsatt litt usikkert. Har familie både i Oslo og Aukra, og det kan bli vanskeleg å få samla alle i år.

– Det blir ikke jul uten … hva?

Familie. Pinnekjøtt. Julemusikk av den rolege sorten – gjerne Bugge Wesseltofts It’s snowing on my piano. Juleroser, juleheftet altså. Marsipan. Lukta av sigar.

– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?

Innimellom dei mange gode og interessante fuglebøkene eg har pløyd meg gjennom i år, blei det også tid til ei og anna skjønnlitterær bok. Ein roman som røska skikkeleg var Tvillingenes dagbok av Agota Kristof. Den las eg rett før koronaen, og det gjorde meg kanskje mentalt førebudd, på ein underleg måte.

Har det kommet noe positivt ut av det siste året? 

Å drikke eit glas vin med venner på Zoom eller Teams er betre enn å ikkje drikke vin med venner i det heile. Fleire turar i skog og mark har også vore ein plussfaktor i dette annleisåret. Pengar som elles ville gått til reiser har no materialisert seg i godt turutstyr, bl.a. fleire par tursko og lette hengekøyer. Kikkert hadde eg frå før.

– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

Anne Sverdrup-Thygeson: På naturens skuldre. Den bør – og vil ganske sikkert – ligge under mange juletre i år.

Bjørn Hatterud: Mjøsa rundt med mor. Denne forfattaren skriv så klokt og nedpå. Ei bok som garantert vil skape god stemning.

Karoline Brændjord: Jeg vil våkne til verden. Ein diktdebut som har vekt merksemd. Tenk om vi kunne vakne, verkeleg vakne, til verda når vi no snart går inn i eit nytt år.

– Hvilken bok, som har betydd ekstra mye for deg gjennom livet, vil du gjerne anbefale andre å lese?

Eg skreiv særoppgåve på gymnaset – ja, eg er gammal nok til å ha gått på gymnaset – om Amalie Skram. Ho har eg lese igjen i godt vaksen alder med stort utbytte. Språket er så friskt, menneska og situasjonane så levande. Hellemyrsfolket, Constance Ring, Forrådt. Kjønn, klasse, kjærleik. Bøker som i si tid blei sett på som for realistiske er realistiske nok i dag.

– Beste julegaven du noensinne har fått?

Eg var ei ganske lita jente da eg fekk mi første parfymeflaske. Den var forma som ein fugl, og lukta hugsar eg faktisk også framleis.

– Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2021?

Det må vel bli min nye roman. Eller forresten, den blir nok ikkje ferdig i tide til å bli snakkis allereie neste år…

Hvis du bare kunne velge én: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?

Prøysen.