Therese Tungens bokanbefalinger: -Full av kjærleik etter sommaren

FEM FAVORITTAR: Therese Tungen har skrive ferdig ny novellesamling i sommar og gir deg fem favorittar i vår spalte.

– Eg har lesetips med fokus på kjærleik, begjær og forhold, det har eg lest meir om det siste året enn eg vanlegvis gjer, seier Therese Tungen, redaktør i Samlaget og klar med nye noveller i haust.

Miranda July: The Metal Bowl

Kvinna det handler om i July si novelle er rar og normal på ein måte som berre July får til.

Sitat:
«Om det er noko eg angrar på, er det at eg ikkje møtte Alex tidlegare.
Viss vi hadde møttest da eg vart fødd, og eg hadde forstått kor
narsissistiske foreldra mine var, kunne eg forlate sjukehuset saman
med Alex og sett i gang med forholdet vårt med det same. Han ville ha
vore åtte år: ung, men ikkje for ung til å kunne halde meg I live. Eg
treng det frå ein mann.» (mi omsetting).

Novella er full av uventa vendinger, og kor fint er ikkje det? Kan lesast på nett, eller, om ein er av den auditive typen, kan ein høyre teksten bli opplest og diskutert på New Yorker fiction-podcasten.

 

Alice Munro: My Mother’s Dream

Ei av novellene i samlinga The Love of a Good Woman. Eit av dei sterkaste banda må vere mellom mor og dotter. Her er det mykje å utforske litterært, og Alice Munro gjer det med ein
original vri: Historia er fortalt frå perspektivet til den nyfødde
dottera, som har fått utdelt ei mor som ikkje forstår korleis ho skal vere mor, som berre vil spele fiolin, og som kanskje lider av ein fødsesdepresjon. Det begynner med ein draum mora har, om å forlate barnet sitt ute og gløyme det. Ei nydeleg komponert historie, ikkje utan komikk.

 

Jardine Libaire: White Fur

Ein vakker, rå og imponerande godt skrive kjærleiksroman om det usannsynlege forholdet mellom ein rikmannssønn og ei ung jente oppvaksen i sosialbolig. Libaire skriv på ein måte som får fram dei sterkaste kjenslene i meg, sinne, begjær, avmakt, og eit skjørt håp om at dei to skal få det til. Og ho har nokre sjukt fine metaforar.

 

Katja Kettu: Jordmora

Den tredje boka til den finske forfattaren. Nå har eg brukt opp ordet «rått» på Libaire si bok, men også Kettu skriv på ein måte som kjennest rå og poetisk, og ikkje liknar noko eg har lest før. Nok ei usannsynleg kjærleikshistorie, mellom dottera til ein kommunist og ein tysk offiser under den andre verdskrigen. Både krig og kjærleik gjer folk galne, det forstår ein når ein les denne boka.

 

Marguerite Duras: Elskeren

Hos Duras heng kjærleik saman med vald, og med historia om koloniherren si makt over dei kolonialiserte. Den aldrande forfattaren ser attende på livet sitt i Indo-Kina, som om ho sit og ser på gamle fotografi, og minnest tida da ho var femten og hadde eit forhold til ein rik kinesar. Eg las denne
boka som femtenåring, som tjugeåring og som førtiåring, og for kvar lesing kjem nye lag og meiningar fram. Eg sit igjen med ei kjensle av at det dirrar, at det er presserande for Duras å få fortalt, å skrive, at både fortellaren og dei kvinnelege karakterane lever med ei frykt som ligg like under overflata.