Framleis høg puls i «vaffelhjarte»

Maria Parr (Foto: Agnete Brun/Samlaget)

Kjenslene bølgjer framleis mellom venene Trille og Lena i den vesle kystbygda Knert-Mathilde, frå late sommardønningar mot mjuk sandstrand til frådande vinterstormflo.  Drama på liv og død vekslar med underfundige kvardagsskildringar, og vil skape nye herlege lesestunder for små og store.

Barna skal byrje i sjuande klasse når forteljinga no held fram, niåringane er tre år eldre sidan Maria Parr debuterte med boka Vaffelhjarte for tolv år sidan. Mange kjenner også folket i den vesle vika Knert-Mathilde gjennom filmatiseringa NRK viste. Forfattaren opplevde både kommersiell suksess og ei rekkje gjeve prisar og kritikkar, spesielt etter at boka om Tonje Glimmerdal også kom ut.  Men no er vi altså attende hjå guten Theobald Rodrik «Trille» frå storfamilien Danielsen Yttergård, der mamma styrer ungeflokken med stort hjarte og pappa jobbar på ferja. I underetasjen bur farfar Lars, fiskaren som heller vil døy enn å sjå teit ut i overlevingsdrakt.


Maria Parr:
Keeperen og havet

Barnebok
Samlaget
234 sider

Som ei ny sol

Trille har mange å vera glad i, men den einaste på same alder i bygda er Lena Lid, som har fått ny pappa når snille og tålmodige doktor Isak gifter seg med mamma. Lena har vore på Kreta, og ho skal bli proff keeper når ho blir stor, for på skulen er ho nok best i gym og friminutt. Venskapen mellom denne framfuse «Pippi-jenta» og den meir pinglete guten Trille blir sett på mange prøvar dette året, også fordi den nederlandske, vakre og venlege vegetarianaren Birgitte flyttar til bygda. Ho blir ny klassekamerat, og hennar magiske sjarm snur sjølv dei slemmaste gutane om til logrande kvelpar. For Trille er det som om ei ny sol stig opp over verda hans, ei sol som blendar og gjer det vanskeleg å fokusere på andre. Medan Lena tek eit oppgjer med den forbaska musikkskulen og kjempar for plassen sin som keeper på gutelaget, bit Trille tennene saman og vil helst ikkje sei frå om at han hatar begge deler. Redsla for å ikkje vera bra nok er djup i dei fleste, men der Lena hytter rasande nevar  mot uvér og motgang blir Trille lett stille og rådvill i angsten sin. Begge veit at venskapen deira står på spel når ulike interesser og plikter dreg dei i kvar sin retning, men opplever også korleis dei knyter nye band når livet stormar og dei våger å vise kjensler.

 

Skaper frydefullt mas

Det manglar ikkje på drama og elleville sprell, forfattaren let seg ikkje freiste til å tvære ut kvardagslege ting og fenomen, og har sagt at ho helst vil at boka skal lesast høgt også for barn som kan lese. Kapittel-titlar etter gamal tradisjon vil kanskje kallast spoiler i dag, men Parr fleskar frekt og fint til med titlar som «Lena skyt pappa i rumpa med luftgevær». Forfattaren veit nok at slike grep skaper frydefullt mas om å lesa berre litt til. Dei vaksne vil også få sitt å humre av, som når Lena informerer den forskrekka hovudpersonen om fenomenet overgangsalder, og kvifor Trille av omsyn til mor si bør vente med å slutte på musikkskulen. Ungar som køyrer båt med motor utan at det blir gjort til noko farleg, ungar som gaflar i seg kjøt av dyr dei har kosa og leika seg med – alt dette er frydefull lesing i ei tid der barnelitteraturen ofte er prega av mykje politisk korrekt agenda. Så får ein jo leve med at Lena og Trille er nær parodisk omsnudde kjønn-stereotypiar.

Språket er krydra med dialektord, men er elles lettlese, klårt og musikalsk. Også nynorsk-depriverte lesarar vil kunne kjenne seg heime i denne boka, der folk til dømes er einige, ikkje samde. Det begynner å regne, det byrjar ikkje. Ungane seier «what!» og «asdårleg», men dei veit også kva det er å druse på.

 

Lindgren-assosiasjonar

Maria Parr byr framleis på mange assosiasjonar til Astrid Lindgrens univers, men utan at det er naudsynt å ropte om plagiat eller mangel på originalitet no heller. Det kan likevel verke som ei unødig spenningsboble, litt påklistra, når forfattaren let Lena og Trille heise opp veslesøster i flaggstanga for å lage film til eit skuleprosjekt om Lindgren. Mot slutten mister teksten også litt drev og fokus, usemja og avstanden mellom dei to hovudpersonane blir litt for utpensla. Her blir også språket noko dovnare, utan å krysse grensa mot flatt og direkte keisamt. Heldigvis glitrar Parr ganske raskt til igjen, og byr på ein spenstig og vis finale. Dei kloke ungane løyser floka si med passeleg mykje sjølvinnsikt, og vaksne er heller ikkje korkje kjempedumme eller allvitarar i den fint balanserte og trivelege verda vi opplever i Knert-Mathilde.

 

MAY GRETHE LERUM

 

 

 

(Foto: Agnete Brun / Samlaget)