Fosseforedraget og Fosseprisen offentliggjøres sent november

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Foto: Gorm K. Gaare)

– Med dette initiativet vil vi skape ein kulturell møteplass som inspirerer til samtale om litteratur både i Noreg og internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

I desember 2023 blei det kjent at regjeringa, som ei heidring av nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse, vil leggje til rette for eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar. Arrangementet er i regi av Nasjonalbiblioteket, og foredraget vil bli halde av ein internasjonal akademikar, forfattar, dramatikar eller annan tenkjar, medan prisen skal gå til ein omsetjar som omset frå norsk til eit anna språk.

Nå melder Nasjonalbiblioteket at offentliggjøringa av kven som skal halde det første Fosseforedraget, og kven som er vinnar av Fosseprisen for omsetjarar i 2025, finner sted måndag 25. november.

– Med dette initiativet vil vi skape ein kulturell møteplass som inspirerer til samtale om litteratur både i Noreg og internasjonalt. Vi vil vise fram den krafta og rolla litteraturen har i samfunnet, og bidra til å plassere Noreg endå tydelegare på det internasjonale litteraturkartet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Formålet med Fosseforedraget er å bringe den internasjonale tenkinga rundt litteratur til Noreg, og målet med Fosseprisen å heidre dei som bringar norsk litteratur til resten av verda. Med dette skaper vi nye institusjonar i Noreg – institusjonar som skal vare i generasjonar framover, seier Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Under same arrangement skal Nasjonalbiblioteket i samarbeid med NORLA (Norwegian Literature Abroad) dele ut Fosseprisen for omsetjarar. Prisen skal hylle ein person som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.Fosseprisen blir ein av dei største omsetjarprisane i verda, med ein verdi på 500 000 norske kroner.

Rundt Fosseforedraget og -prisen vil Nasjonalbiblioteket byggje eit arrangementsprogram som opnar fleire vegar inn i litteratur- og dramatikkdebatten for eit breitt publikum. NORLA skal dessutan arrangere eit internasjonalt omsetjarseminar i samband med prisutdelinga.

– Slik vil Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar bli ei ny internasjonal kulturhending i Noreg der litteraturen og dramatikken blir feira og diskutert, seier Aslak Sira Myhre.