Flukten fra hverdagen

Hun er den første nynorsk-forfatteren på sitt forlag, og debuterer med en roman som beskrives som "Agnes Ravatn møter Madame Bovary".

Debutant:  Kristin Helgeland

Debuterer med: Ni dagar i veka

Sjanger: Skjønnlitterær roman

Forlag: Vigmostad og Bjørke


Bokens tre første setninger:

Miriam står ved vindauget og ser ut på gata. Ingen er ute og går så seint på laurdagskvelden. Det snør, som det har gjort heile veka.

9788241911644
Fortell kort om boken din:

Ni dagar i veka handlar om Miriam og familien: to krevande tenåringar og ein sjølvopptatt mann. Ho handlar om korleis det går opp for Miriam at ho og behova hennar ikkje blir sett, verken av mann eller ungar, og kor lett det var å bli betatt då nokon gav henne merksemd. Ho drøymer seg vekk frå den grå kvardagen der ho driv hotell for familien, og tillet seg sjølv å håpa på at det fins ei anna verd for ho der ute ein stad.


Hvordan fikk du ideen til denne boken?

Tidlig i fjor sommar skreiv eg ein slags dikt for meg sjølv, og det  var noko med stemningen i dei som ikkje slapp taket. Så hadde eg heilt skrivefri i nokre månader, før eg sette meg ned og skreiv denne boka.


Hva var det første du gjorde da du ble antatt?

Det er litt morosamt, for nett den dagen hadde eg invitert to gode  skrivevenninner, den eine av dei heldt det første skrivekurset eg var på. Vi skulle ha vinterlunsj i det nye lysthuset mannen min hadde bygd  til meg i hagen. Ei hadde tilfeldigvis med seg musserande drikke, og  mannen min fekk beskjed om å kjøpe med seg ei flaske eller to heim. Så det blei feiring med ein gong, med heilt rette folka. Ein fantastisk  lysthuslunsj i eit forrykande snøvær.


Hva tenker du om forlaget du debuterer på?

Eg kan ikkje anna enn å skryta uhemma av Vigmostad og Bjørke, som har  hatt så stor tru på meg og heia meg fram. Redaktøren min, Sonja Helene Dalseth, har vore ein mild og passe bestemt rettleiar gjennom heile prosessen frå førsteutkast til ferdig resultat. Gler meg til å fortsetta samarbeidet med henne.


Hva skal du bedrive sommeren med mens du venter på høsten og utgivelse?

No er det berre to veker igjen, og den tida skal eg prøva å forbereda meg på alt det som følger med ei utgiving: lanseringsfest, debutantfestival osv.


Hva har vært viktigst for din skriving?

Det viktigaste har vore korleis eg har utvikla meg som person i løpet av den tida eg har skrive og møtt mange gjevande, inspirerande menneske som har berika livet mitt. Og så er skriving det absolutt kjekkaste eg veit.

Er usikker på om eg svarte på spørsmålet no. For sjølve skrivinga har det vore viktig å få lov til å vera for meg sjølv og «gå inn i» Miriam og handlinga.


Ditt norske forfatterforbilde og hvorfor?

Det varierer litt, men for tida er det dei to som har betydd mest for skrivinga av Ni dagar i veka: Agnes Ravatn og Marit Eikemo. Begge to skriv så «saftig» godt, så ærleg på ein måte, utan noko fiksfakserier  i språket sitt. Samtidig måler dei bilete i hovudet mitt medan eg les.  Og historiane er så frodige og fulle av liv at eg kunne ikkje anna enn  å skriva bok etter å ha lese begge to i fjor vår.


Hvor ser du deg selv som forfatter om 10 år?

Forhåpentlegvis er eg ikkje berre einboksforfattar, men tida vil visa.