SAMLAGET-HAUSTEN: – Vi veit at slike eventyr no og då inntreff i denne magiske bransjen, men vi legg ikkje om strategien for å jakte ein ny bestseljar, seier Håkon Kolmannskog om Ferrante-suksessen.
– Overskotet frå Ferrante-bøkene går slik direkte tilbake til satsing på nye forfattarskap og spreiing av god litteratur, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog i Samlaget. Satsinga mot Frankfurt 2019, forfattar-opplesingar, Ferrante og Herborg Kråkevik var blant ingrediensane da Samlaget markerte starten på bokhausten.
– Lista speglar mykje av det vi forsøker på i Samlaget for tida. Høgast mogleg litterær kvalitet i alle sjangrar. Fin blanding av etablerte namn og debutantar. Til saman har vi ti debutantar i år, to innan vaksen skjønn, heile fire debuterer med barnebok, det same innan sakprosafeltet, seier Håkon Kolmannskog.
Frankfurt og Napoli
Det var klart for ein veritabel maraton-bokdag da Samlaget hadde haustslipp denne veka. Det starta tidleg med lunsj for alle debutantane. Deretter var det ope møte med alle forfattarane, der agent Eirin Hagen og direktør Edmund Austigard presenterte Samlaget si satsing mot Frankfurt 2019, før turen gjekk til Sukkerbiten ved Operaen og den offisielle haustlanseringsfesten.
Ragnar Hovland.
Gjennom ein times litterært program ble det servert opplesingar ved debutant Catherine Blåvinge Bjørnevog (Um sakne springe blome), Ragnar Hovland (Om noko skulle skje), Erlend Flornes Skaret (Nomade) og Ruth Lillegraven (Eg er eg er eg er). Det var og samtaler med Ferrante-omsetjar Kristin Sørsdal (siste bok i Napoli-kvartettetten kjem oktober) og Jørgen Norheim (Aldri redd for mørkets makt). Herborg Kråkevik avslutta det heile med ein presentasjon av årets Juleroser 2016.
Herborg Kråkevik.
Demokratisk rett
– Kor ligg tyngdepunktet på Samlaget-lista denne hausten?
– Nynorske bøker for barn og unge i alle aldersgrupper og sjangrar har lenge vore svært viktig for Samlaget. Det handlar om den demokratiske retten alle barn har til å vekse opp med bøker på eige språk. No byrjar vi verkeleg sjå resultat av storsatsinga vår Leseland, lettlesbøker for barn. Der kjem det heile 21 bøker i år. Innan sakprosa er det kjekt at det endeleg kjem fleire bøker om populærvitskap, både om norske forskingsbragder og ei artig og god bok om hendene våre, seier Håkon Kolmannskog.
– Er nøkterne
– Kva gjer Ferrante-suksessen for satsingar og vegval på forlags huset?
– Samlaget går faktisk godt også utan Elena Ferrante sine bøker. Det er kjekt å vite. Men det er klårt at Ferrante sine bøker gir oss auka rom til satsing. Vi brukar delar av overskotet på forfattarane våre. Om ein månad reiser til dømes mange av dei skjønnlitterære vaksenbok-forfattarane på litterært seminar på Schæffergården i Danmark. Den sterke auka i Leseland-titlar for barn er dessutan ein direkte konsekvens av at Ferrante gjekk så godt i fjor. Samlaget er ei stifting og overskotet frå Ferrante-bøkene går slik direkte tilbake til satsing på nye forfattarskap og spreiing av god litteratur. Elles er vi nøkterne, vi veit at slike eventyr no og då inntreff i denne magiske bransjen, men vi legg ikkje om strategien for å jakte ein ny bestseljar.
Håkon Kolmannskog.
– Alle er relevante
– De aller viktigaste Samlaget-bøkane i haust?
– Det er eigentleg umogleg å svare godt på. Alle bøkene vi vel å gi ut meiner vi er relevante og gode. Då er dei også viktige. Jørgen Norheims sterke generasjonsroman Aldri redd for mørkets makt er like viktig for oss som siste band i Elena Ferrantes Napoli-kvartett, sjølv om den siste sjølvsagt har ei meir sentral rolle i årets budsjett, seier Håkon Kolmannskog.
– Nye namn vi bør merke oss?
– Merk dykk dei to skjønnlitterære debutantane våre: Catherine Blaavinge Bjørnevog og Maria B. Bokneberg. Begge har alt funne sine eigne stemmer og bøkene deira kjennest annleis ut.