Eg saknar Fornebu

Lyrisk: Jon Fosse savner FBU

En lyrisk tekst kjennetegnes av en stemning eller tone, og er ikke betinget av versefot. I nyere tid kommer mye av vår vakreste lyrikk fra Bergen.  Kanskje har vi Cecilie Løveid å takke, hun har alltid skrevet poesi, men har sjelden villet utgi ”diktsamling”. Lignende gjelder for lyriske bysbarn som Tomas Espedal, Arne Lygre og her, Jon Fosse.

Jon Fosse (f. 1959) adresse ”Grotten”, er en av vår tids ledende samtidsdramatikere og hans stykker settes opp over hele verden. Likevel tok det mer enn ti år fra debutromanen Raudt, svart i 1983, til hans første teaterstykke Og aldri skal vi skiljas ble satt opp på Den Nationale Scene. I mellomtiden hadde han skrevet romaner, lyrikk og barnebøker.

Her er et lite stykke han skrev som sitt bidrag til den samlingen Luft og kjærlighet hvor kjente, og noen ukjente, nordmenn deler varme minner om Oslos gamle flyplass.

Eg saknar Fornebu

Eg saknar Fornebu. Eg saknar den brune puben der eg pla sitje, med ølglaset og med sigaretten, og der
andre meir eller mindre forkomne reisande også sat, med sitt ølglas, med sine sigarettar.  Eg saknar lukta
av røyk.  Eg saknar den store og slett ikkje eksklusive kafeen der i hovudhallen.  Eg saknar å sitje der
godt svolten og å få ete heilt grei mat og å bli mett.  Og lukta av røyk i kafeen der, den saknar eg òg.

Eg saknar det slitne.

Eg saknar folk eg trefte, for ein tilfeldig prat og forseinkingar var det jo gjerne og timane dei gjekk og trøyttleiken den tok ein og ikkje noko anna val hadde ein vel då enn å snakke oppriktig.

Eg saknar dei eg der snakka med for siste gong.

Og så saknar eg gleda det var å kome seg bort frå Fornebu, gleda det var å sitje langt bak på flybussen og sjå på fjorden og igjen vere komen til Oslo.

Jon Fosse

”Eg saknar Fornebu” er fra boken Luft og kjærlighet – historier fra Fornebu, Redaktører: Vigdis Jordal, Ellen-K. Syverstad og Anette Skuggedal, Dinamo Forlag, 2008.
Foto: Tom A. Kolstad. Samlaget.

 

-- annonse --