Dikt til den raude dagen

ARBEIDERNES DAG: Dagens dikt er henta frå Lars Ove Seljestads nye bok.

Forfattaren Lars Ove Seljestad for Odda får seie kva som skal seiast på 1. mai.

Lyden av stein som flyttar seg under vatn er vårens bok frå Lars Ove Seljestad, hans andre diktbok. Ho er i nær slekt med Storspring (2013) og stadfestar Seljestad som ein av dei kanskje siste, klassiske klasseforfattarane. Arbeiderrørsla og respekten for både arbeidsliv og ikkje minst 1. mai, sit djupt i forfattaren, og dette engasjementet finns spesielt i dei to første bøkene hans.

Blind frå 2005 er ein av dei sterkaste debutromanane i Norge i mi tid og har ein 40-siders passasje som heiter Fars tale. Det er eit utklipp frå arbeidarlitteraturen på høgd med Roy Jacobsen si skildring av sommarløpet i Seierherrene (1991) der det plutselig innført idealtid undervegs. Lars Ove Seljestad følte han svikta far sin da han reiste bort for å ta utdanning i staden for å gjere som menn i slekta hadde gjort før han. Samstundes fekk han teoretisk begrunning til å forstå faren sitt standpunkt og sin eigen mellomposisjon, utan at det løyste så mykje.

Seljestad følgde opp med Bastard, eit sterkt og underkjend essay som er ei direkte vidareføring av romanen. Da hadde bokmeldarane fått nok av arbeidsdikting.  Bastard fekk mindre merksemd enn Blind, men begge dei to første utgjevingane skulle vore trykt opp igjen, gjerne saman, og sett ut på framtredande plass i bokhandelen.

STOLT DIKTAR: Lars Ove Seljestad er ute med ny diktsamling og der finn vi diktet for dagen. Foto: Nikolas Letto

Han har skrive til saman ti bøker, sju av dei er romanar. Heime i Odda driv han arbeidarlitteraturfestivalen Jarnrosa kvar vår. Lars Ove Seljestad er fødd i 1961 og som så mange ungdommar i Odda, der første mai-toget delte seg i eit drama som ingen diktar kunne funne opp, hadde han sommarjobbar og erfaringar frå Zinken.

I årets diktsamling er første avdeling brukt på fabrikkdikt. Han introduserer seg sjølv i første dikt med Eg er son av den svarte røyken. / Eg vaks i hallar av stål og eld. / Eg gir meg aldri. / Eg brenn. Det er lett å sjå for seg at den første linja kunne vore tittel på heile samlinga og kanskje inngått i ein trilogi, ein litterær biografi, saman med dei to første bøkene. Tre former, ei bok. Som livet.

Nok spekulasjon. Det er frå Lyden av stein som flyttar seg under vatn vi har henta dette diktet i anledning festdagen:

 

DIKT TIL DEN RAUDE DAGEN

 

falma faner blir henta

fram

gule bokstavar på raud duk

trassige parolar måla

på holete laken

slitne arbeidsnevar stikk

ut frå bestedressermer

like brune elefantar som rømmer

eit nyoppussa zoo

tårene slekta mi aldri grein lever

i meg

dette er vår dag