Vidar Lund, biblioteksjef i Levanger, mener forlagskritikken bommer: "Vi er redaksjonelle organer som ønsker å formidle både fysiske og digitale bøker på en ansvarlig måte," skriver han.
Sara Willand, Tuva Ørbeck Sørheim og Marcus Bøhn har eit langt stråmanninnlegg på Bok365. Fyrst diktar dei opp at biblioteka vil ha gratis strøymeteneste frå dag 1, deretter slaktar dei idéen. Herleg frekt.
Det biblioteka er ute etter er nettopp å få lov til å kjøpe bøker som vi låner ut. Akkurat som vi gjer med fysiske bøker. Til dømes kunne mitt bibliotek kjøpt eit digitalt eks. av ei lydbok til ein pris av 500 per stk. Så blir boka lånt ut til ein og ein lånar. Når Tuva låner ei bok, blir boka oppteken i lat oss seie 4 veker. Om Sarah og Marcus vil låne må dei pent vente på tur. Er det 10 på lista må dei kanskje vente i eit år. Om bibliotekaren vurderer at det var litt lenge å vente, så kan hen kjøpe eit eksemplar til. Truleg ikkje, sidan hen vil ha ei breidd i tilbodet. Så er det opp til lånarane om dei vil vente så lenge eller kjøpe boka sjølve. Akkurat som med papirbøker. Biblioteka skal betale for seg. Slik vi gjer for papirbøker og gjorde for CD-lydbøker. Opphavarane får i tillegg betalt gjennom bibliotekvederlaget. Dette er godt forklart her. Dette er korkje vanskeleg eller mystisk.
Det som er vanskeleg og mystisk for meg, er kor vanskeleg det er for forleggarane å skjøne at biblioteka er redaksjonelle organ. Vi har ikkje flust med pengar, så vi må gjera eit redaksjonelt utval. Vi vil gjerne bruke pengar på digitale media. Om vi får lov til å gjera det på ein fornuftig måte.
På mitt bibliotek vil vi no i større grad flytte pengar over til innkjøp av engelskspråklege lydbøker og e-bøker i staden for å putte pengar inn i norske lydbøker og e-bøker som vi ikkje får eige. Det er trist, men vi kan ikkje med godt samvit sende skattebetalarane sine pengar inn eit botnlaust hol som det norske systemet er per i dag. Vi håpar at Nasjonalbiblioteket og opphavarane finn ein betre modell, slik at vi kan formidle alle bøker, ikkje berre dei forlaga allernådigst let oss få tilgang til.
Vidar Lund, biblioteksjef i Levanger