LYRISK: Sommer. En stille morgenstund med Helge Torvund.
I den senere tid har Helge Torvund (f. 1951) dessverre vært litt helseplaget, men han er likevel forbausende vital. Til glede for svært mange. To rikholdige utgivelser er det blitt til i år: Jærkshire – Jæren og Yorkshire, samt Løyndomsfuglar: patafysisk fuglebok.
Vi ønsker ham alt godt og riktig god bedring.
PÅ PLASS
Eg sykla ut til sanddynene i dei tidlege timane
og gjekk omkring i ein stor og gyllen fred
farga av sand og strå og ei ro så blåklokkeblå
Levande steg i ei rådyrstille verd for dei
som ikkje snakkar menneskespråk; hareungar
og nede ved elva to kvite svaner med vakre vakne halsar
Vatnet er så stille at tida nesten stoppar opp
Endene sym i sin eigen morgon og alt andar
harmoni og naturleg orden der kvar minste ting
har sin eigen plass og gjer sitt
Når eg går over dei graskledde bakkane
Når eg ser rognebæra og lyngen og
det som er på plass og rammar inn
alle desse liva som vert levde
utan spørsmål
fyllest eg av ei stille takksemd
over at dette finst
og at eg får lov å å gå her og sjå dette