LUKE 18: I julen skal Frode Grytten gå løs på en stabel med de "beste bøkene".
Bak luke 18 finner vi den prisvinnende forfatteren Frode Grytten. Han vant årets Bragepris i skjønnlitteratur, og har med sitt forfatterskap nådd et stort publikum.
I julen skal han lese seg gjennom en stabel av de aller beste bøkene, og selvklart har han en rekke tips til bøker å legge under juletreet i år.
Han kan ikke velge mellom verken Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott:
– Eg er veldig imot monogami på kunstfeltet.
– Hvor tilbringer du jula i år?
– Heime. Heime som får ein til å nynne, heime som får ein til å plystre, heime er ikkje aust, heime er ikkje vest, heime er ikkje eit hus, heime er å vere med dei ein elskar.
– Det blir ikke jul uten … hva?
– Bøker, ligge på sofaen og lese, har ein stabel eg skal gå laus på, jobbe meg gjennom, nyte dei beste, verkelig nyte dei aller beste.
– Hva har vært årets store leseopplevelse for deg?
– Det er sikkert mykje inhabilitet inne i bildet, men det er visst ikkje så farlig med inhabilitet, slik eg har forstått det, og eg må vere ærlig, det blir Pedro Carmona-Alvarez sin Chiquitita, ein poetisk og briljant roman.
– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?
– Paul Lynchs Prophet Song, Helge Skodvins Observasjoner av ny norsk fauna i årene 2014-2022 og Maria Parr sin Oskar og eg.
– Beste julegaven du noensinne har fått?
– Veit ikkje, men den julegåva eg hugsar best er eit sjakkspel eg fikk av foreldra mine då eg var elleve-tolv år, eg hugsar kor fint eg synest det var, eit lite sjakkbrett med brikker i plast, det var sikkert billig og kipt, men for meg var det ein stor skatt.
– Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2024?
– At Jon Fosse har spelt inn ein skikkelig tøff EP saman med det gamle bandet sitt frå ungdomsskulen, Coopex, med tittelen Open gitar og at dei legg ut på ein gjenforeiningsturné over heile landet, der Jon Fosse sjølv er oppvarmingsartist og eplar frippertronics-aktig instrumentalmusikk.
– Hvis du kunne satt en bok på pensum i norske skoler i 2024, hvilken ville det vært?
– Den nye boka til Marit Eikemo som kjem på vårparten.
– Har du et nyttårsønske på vegne av Kultur-Norge?
– Kan ikkje sjå for meg at eg skal snakke på vegne av Kultur-Norge, men på vegne av meg sjølv: redd og rehabilitér Nationaltheatret, det som utspelar seg no er ein lang og vond kulturpolitisk skandale.
– Hvis du bare kunne velge én: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?
– Eg er veldig imot monogami på kunstfeltet, monogami har aldri funka der, polyfoni er heile poenget med å ytre seg, så, itte no knussel, je tæk dem aille sju, og hiv på tusen til.