– Sjukaste eg har vore med på

Livet som forfattar er framleis uverkeleg for debutant Ingunn Thon

Ingunn Thon fatta ikkje at ho var forfattar før ho hadde signert kontrakta. – Eg hadde ikkje trua eit einaste sekund i prosessen. Haha! Eigentleg heilt vilt at det gjekk, fortel ho.

Mandag kjem debutboka hennar.

 

Debutant: Ingunn Thon, 30 år

Aktuell med: Ollis, Samlaget

Ollis får familielivet snudd på hovudet når mamma sin nye kjærast flyttar inn og ho får ein babybror. I boka prøver Ollis å ordne opp i livet sitt med hjelp frå bestevenen Gro og ei mystisk postkasse dei finn i skogen.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Eg hadde berre denne forteljinga i meg akkurat då.  Og så ville eg, som alle andre, fortelje noko som forhåpentligvis kunne gjere ein forskjell for barn i liknande situasjonar.

 

Når skjønte du at du skulle bli forfatter?

Det skjønte eg ikkje før eg hadde signert kontrakta. Dette er noko av det sjukaste eg har vore med på, og eg hadde ikkje trua eit einaste sekund i prosessen. Haha! Eigentleg heilt vilt at det gjekk.

 

Sist leste bok:

Christian Wiik Gjerde, Jakta på Firkløveren. For ein ordfest den boka er! Ein blir jo berre 100% lukkeleg og sumarklar av lese den. Og litt trist, når eg tenkjer meg om. Eg tippar eg plukkar den fram att om fire-fem månader.

 

Er du selv i gang med den vanskelige andreboken?

Nei, nei, nei på ingen måte. Spør du meg var den fyrste boka vanskeleg nok. No skal eg berre gjere meg kjent med kva det er å vera forfattar etter at boka har komme ut. Det veit eg jo ingenting om, så det blir spennande i seg sjølv.

 

Hva frykter du mest? Skrivesperre eller bokanmeldere?

Eg har tenkt å drite litt i begge delar. Skrivesperre har eg hatt så mange gonger at eg veit at det losnar på eit punkt. Og så blir eg jo berre glad om nokon vil anmelde boka mi! Det er ikkje sjølvsagt når ein skriv barnelitteratur. Men til sjuande og sist er det viktigare for meg kva borna meiner enn kva anmeldinga seier.

 

En kulturopplevelse som forandret livet ditt?

Å herlegheit, det veit eg! Då eg var liten sette det lokale busselskapet opp bussturar der dei køyrde oss Hallingane inn til Oslo for å sjå teater, og køyrde oss heim att etterpå. Ei av desse turane var for å sjå Guten og Stjerna på Det Norske Teatret. Det stykket slo meg i bakken. Historia, scenografien, kostymane, skodespelet… Det var fyrste gong eg erfarte korleis musikk og teater kan påverke meg. Endre haldningar, vekke kjensler,  lære meg noko. Eg tenkjer ofte på Guten og Stjerna. Vart til og med litt rørt no.

 

 

 

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Må det vera eit romantisk stevnemøte, eller kan det vera eit glas saft i trehytta til Alvar frå Jakta på Firkløveren? Eg er så opphengt i den vesle guten og hans «slik er eg og slik er det»-framtoning at eg blir heilt fortvila over at han er fiktiv.
Hvem er den mest lovende forfatterstemmen under 35 i dag – norsk eller utenlandsk?

Eg veit ikkje om eg er den beste til å fastsetje det, men trilogien til Helga Flatland er noko av det finaste eg har lest. Den er nesten som ei heilag skrift for meg. Så då blir vel svaret fort Helga Flatland, då.
Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Salig blanding. Har jo blitt hekta, som dei fleste andre. Men eg blir ganske redd av kor mykje tid eg brukar på det.
Favoritt-hangout på nettet?

Yr.no. Er der fleire gonger om dagen og ser etter fint vêr.

 

 

På bar med Agnes Ravatn eller middag med Lars Petter Sveen?

Agnes Ravatn. Det er ei sjølvfølge for meg. Har du høyrt intervjua med ho? Eg vil at ho skal lære meg om livet. Det kan ho gjera på bar. Det blir topp og forhåpentlegvis litt dystert.

 

 

(Foto: Pernille Walvik)