annonse
annonse

Fire millionar kroner til språktiltak

28. sep 2015

Kulturdepartementet har fordelt nærare fire millionar kroner til 15 ulike språktiltak. Dette er prosjektstøtte til tiltak som styrkjer norsk språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk.

Av heile potten på nesten 4 millionar kroner går 1,3 millionar til tre terminologi­prosjekt.

 

– Treng slik støtte

– Terminologiarbeid er eit viktig verkemiddel for å halde oppe og vidareutvikle norsk fagspråk. Det er rett og slett viktig for å halde ein opplyst samtale på norsk. Fagområde der internasjonaliseringa er sterk, treng slik støtte, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturdepartementet har dessutan fordelt 960 000 kroner til eitt stort og tre mindre teiknspråkprosjekt.

– Det er behov for å utvikle og styrkje norsk teiknspråk som fullverdig språk i Noreg. Alle språk treng ordbøker, og derfor er det mellom anna nødvendig å dokumentere norsk teiknspråk, seier kulturministeren.

 

Språkreir-prosjekt

950 000 kroner går til ulike kvenske prosjekt, blant anna til ei vidareføring av eit språkreir-prosjekt for å revitalisere kvensk. 255 000 kroner til eit språkstyrkingstiltak for nynorskelevar.  Andre prosjekt er òg tilgodesett, mellom anna tiltak i regi av Riksmålsforbundet og Foreningen Norden. Spesifisert oversikt over alle dei 15 prosjekta finn du i vedlegget.

Kulturdepartementet lyste ut prosjektmidlane i byrjinga av juli i år med søknadsfrist 1. september. Departementet har hatt 35 søknader til behandling, med ein samla søknadssum på 16 millionar kroner.

 

 


annonse