Døden – på ymse vis

Den ferske novellesamlinga til Rønnaug Kleiva handlar om mennesker som kjem nær spørsmålet om døden. Kvar på sitt vis.

Forfatter:  Rønnaug Kleiva

Aktuell med:  Western Desert. Samlaget.

Noveller om menneske som kjem i nærleiken av spørsmålet om døden på ymse vis.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Døden er alltid aktuell, ikkje minst når ein blir eldre.

 

Tre favoritter:

Marguerite Duras: Elskeren.

Rakel Liehu: Helene Schjerfbeck.

Frode Grytten: Bikubesong.

Tre ulike tema med ulike skrivemåtar. Dei fungerer alle effektivt.

 

Uslipt diamant: 

Ikkje nykomar, ikkje ukjent, har gitt ut  fem bøker på fem år: Ida Hegazi Høyer. Ser alltid fram til neste bok!

 

Sist leste bok:

Vikingerne ved Volga. Om Ibn Fadlans reisebeskrivelse  til Volga-bulgarane frå ca år 900.

 

Hvordan jobber du?

Eg har svært lite av historia når eg startar. Utgangspunktet er ofte eit bilete eller ei kjensle, så arbeider eg meg fram og tilbake, og det utviklar seg etter kvart.

Eg har ikkje fast arbeidstid, eg har arbeidsrom, men kan også arbeide andre stader. Eg er udisiplinert, lat og har liten arbeidskapasitet. Men det blir bøker av det, så då får det vere slik.

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Eg kunne  ha tenkt meg å møte mange  av karakterane i Sara Stridsberg sine romanar.

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Kanskje vedkomande ikkje er fødd enno?

 

Hvis du var kulturminister for en dag?

Symjebasseng med vatn i og kulturskular med språkkurs. Men kanskje det er feil minister?

 

 Facebook og sosiale medier – fest eller kolera? ….

Litt kolera. Eg byrjar bli tilhengar av meir Jante-lov.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

No om våren: alle frøbutikkane i inn-og utland.

 

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

 Eg liker å vandre i fjellet, men fjellklatring blir i meste laget. Eg går for lang lunsj med Linn Ullmann. Jo Nesbø kan få lov til å vere med.